Job Description
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Surnadal på Nordmøre?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og videreutvikle tilbodet vårt.
Begge stillingane er ledig for snarleg tiltreding.
Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.
Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv,gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer . Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
- Nyutdanna blir også oppmoda til å søke – vi tilbyr god støtte, tett samarbeid i team og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for menneske
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etableringstilskot og flyttetilskot
Og ikkje minst: Ein kvardag i ein kommune kjend for høg livskvalitet, sterke kulturmiljø, gode oppvekstvilkår og flotte moglegheiter for friluftsliv heile året.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley,Overtannlege Kristiansund kompetanseregion,
Tone Nord,Fylkestannlege,
Arbeidsstad
Øyatrøvegen 18
6650Surnadal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist:
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.