Home › Jobs › Norge › Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi
🇪🇺 Norge • Permanent

Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi

🏢 Vestland fylkeskommune 📍 ulset 💰 kr900 📅 13 November 2026

Job Description

Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å videreutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.

Søknadsfrist:

  • Bidra med å utvikle skulen og avdelinga i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad fra elevane
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar i avdelinga
  • Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova§ 17-2. Leiing

Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.

Det er ønskjeleg at du:

  • har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
  • vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
  • har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeiderheilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.

Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:

  • open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
  • har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
  • løn etter avtale
    fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Adresse: Åsane senter 52, 5116 Ulset, Norge

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.