Home › Jobs › Norge › Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
🇪🇺 Norge • Permanent

Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage

🏢 Torill Brastad 📍 fjord 💰 kr480 - kr560 📅 18 November 2026

Job Description

Fjordkommune har ledig vikariat (november 2026 - juli 2027) som barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage

Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling.

Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen.

Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet.
Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.

Søkjarar vert kalla inn til intervju

Arbeidsoppgåver

  • Vere pedagogisk medarbeidar i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
  • Vere aktiv i barnehagen sine utviklingsarbeid
  • Vere ein trygg vaksen for barn og føresette
  • Medansvar i arbeidet med HMS

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
  • Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
  • Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
  • Erfaring med ASK er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
  • Du har erfaring fra fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
  • Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
  • Du har positiv innstilling og godt humør
  • Du har god digital kompetanse
  • Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Lønn i samsvar med avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot

Kontaktinformasjon

Torill Brastad,Styrar Syltebøen barnehage,

Arbeidsstad

Olavsgata Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist:

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.