Job Description
Prestemarka barnehage har ledig 100 % fast stilling for barnehagelærar frå august 2026.
- Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe eller innafor dei områda ein blir sett til
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utenlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
- På grunn av samansetning i personalgruppa vert menn oppfordra til å søke.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- Evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
- Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
- Er ein lagspelar.
- Er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Eit utviklande, allsidig og lærende miljø i ein barnehage nær naturen
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal fra 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utenfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utenfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.