Home › Jobs › Norge › Barnekoordinator 50% Fast
🇪🇺 Norge • Permanent

Barnekoordinator 50% Fast

🏢 Stryn kommune 📍 stryn 📅 17 November 2026

Job Description

Barnekoordinator 50% fast
- Stryn Kommune
- (i ny fane)
- Om stillinga
**Vil du vere nøkkelpersonen som gjer kvardagen enklare for barn og familiar?**
Vil du være med å styrke tilbodet til barn, unge og familiar med samansette behov?
Vi søker ein engasjert og fagleg dyktig barnekoordinator til vårt team. Stillinga skal bidra til å vidareutvikle barnekoordinatortenesta i kommunen. Og vi ønsker deg med erfaring og/eller kompetanse frå oppvekstsektoren i Stryn kommune.
Som barnekoordinator vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilheitleg og koordinert oppfølging av barn og unge med behov for tenester frå fleire sektorar. Du vil jobbe i team saman med barnekoordinator frå helsesektoren og være ein viktig brubyggjar mellom oppvekst, helse og andre relevante teneste.
Du får ei sentral rolle i å gjere ein forskjell for barn og familiar med samansette behov.
Du får vere med å forme tenesta vidare og sette retning.
Du får ein variert arbeidsdag, frå koordinering og planlegging til direkte kontakt med familiar og samarbeidspartnarar.
Du får bruke din kompetanse innan oppvekstfeltet i eit heilheitleg perspektiv.
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Stryn Kommune**
- Stad:
**STRYN**
- Stillingstittel:
**Barnekoordinator**
- Stillingar:
**1**
- Heiltid / Deltid:
**Deltid**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprosent:
**50**
- Webcruiter-ID:
** **
- Sosial deling:
- Del på X- Del på LinkedIn- Del på Facebook- Del på e-postArbeidsoppgåver
- Koordinere og følje opp tiltak for barn og unge med samansette behov, i samarbeid med familien og aktuelle tenester.
- Bidra til god samhandling mellom oppvekstsektoren, helsetenesta og andre aktuelle aktørar.
- Sikre at planar og tiltak blir gjennomført og evaluert i tråd med lovverk og kommunen sine rutinar.
- Være ein støtteperson for barn/familiar i møte med ulike tenester.
- Delta i utviklingsarbeid for å styrke barnekoordinatortenesta.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer primært deg med utdanning/erfaring innan oppvekstsektoren (f.eks. barnehagelærar, lærar, spesialpedagog, barne
- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande).
Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette behov. Vidare er vi ute etter deg med:
- God kjennskap til oppvekstfeltet og tverrfagleg samarbeid.
- Gode kommunikasjons
- og samarbeidsevner.
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og meningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn og familiar.
- Eit tverrfagleg team med høg kompetanse og stort engasjement.
- Mogelegheit til å være med å utvikle ei viktig teneste i kommunen.
- Gode arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtalar.
- Kontorstad: Kommunehuset
- Det vil vere mogeleg å kombinere denne stillinga med anna stilling i kommunen. Stillingsprosent etter avtale og eventuelt i kombinasjon med anna stilling. Føretrekt minimum 50%
- Fast stilling
- Adresse:
- Tonningsgata 4, 6783 STRYN, Norge
**Opne vegbeskriving**
**(i ny fane)**
Kontaktinformasjon
**Åshild Heggdal**
- Einingsleiar miljø- og velferdstenester
- Telefon:
-
Om arbeidsgivaren
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu
- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.