Home › Jobs › Norge › Bioingeniør
🇪🇺 Norge • Permanent

Bioingeniør

🏢 Helse Førde 📍 førde 💰 kr550 - kr650 📅 13 November 2026

Job Description

Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar?

Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde får du jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde. Avdelinga bidrar døgnet rundt med analysar av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.

Her får du:

  • Variert arbeid innen medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin.
  • Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar).
  • Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt.
  • Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement.
  • Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.

Sosialt miljø:

Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.

Startdato eller etter avtale.

Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB .

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi.
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
  • Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga.Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt.
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Jobbe strukturert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.