Home › Jobs › Norge › Bioingeniør
🇪🇺 Norge • Permanent

Bioingeniør

🏢 Helse Fonna 📍 odda 📅 17 November 2026

Job Description

**Om stillinga**:
Vil du jobbe som bioingeniør - og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?
Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling - i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.
- Er du 3.årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!
Vurderer du å flytte - men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.
Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.
**Nøkkelinformasjon**:
- Søknadsfrist:
-
- Arbeidsgivar:
- Helse Fonna HF
- Stad:
- ODDA
- Stillingstittel:
- Bioingeniør
- Stillingar:
- 1
- Heiltid / Deltid:
- Heiltid
- Tilsetjingsform:
- Fast
- Stillingsprosent:
- 100
- Webcruiter-ID:
-
- Del på X
- Del på Facebook
**Kva går jobben ut på?**:
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Tapping og produksjon av blod
- Enkle mikrobiologiske analysar
- Delta i vaktordning
**Kva kompetanse er viktig i denne rolla?**:
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
**Kva ser vi etter hos deg?**:
Hos oss er det viktig at du:
- jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet - også når det er mykje å gjere
- tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode
**Kvifor skal du velje oss?**:
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Hjelp til bolig
- Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
**Adresse**: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, Norge**:
**Kontaktinformasjon**:
**Randi Djønne**
- Funksjonsleiar
- Telefon:
**Om arbeidsgivaren**:
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.