Home › Jobs › Norge › Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
🇪🇺 Norge • Permanent

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

🏢 Liva Høines 📍 årdal 💰 kr420 - kr520 📅 14 November 2026

Job Description

Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig eit 100 % vikariatsom barne- og ungdomsarbeidar i perioden 1. januar 2027 til 31. juli 2027, med moglegheit for forlenging, i Årdal barnehage.

Årdal barnehage har 3 avdelingar, og stillinga er knytt til stor avdeling med barn frå 3- 6 år.
I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling.

Me søkjer deg som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
  • vera ein god og tydeleg rollemodell
  • legginga til rette for leik, læring og utvikling
  • legginga til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
  • ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon

Kvalifikasjonar og vilkår

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
  • gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28

Me søkjer etter ein person som

  • er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
  • er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap

Me tilbyr

  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
  • barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
  • gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • kompetanseutvikling for alle tilsette
  • ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest

Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. .

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.