Home › Jobs › Norge › Danselærar
🇪🇺 Norge • Permanent

Danselærar

🏢 Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett 📍 hyllestad 📅 17 November 2026

Job Description

Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett
Lifjordvegen 6 og 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 14. februar
Vi søkjer etter danselærar i 60 % stilling frå 1. august 2026
Kvifor søkje hos oss?
Viktige, interessante og meiningsfulle oppgåver ventar på deg
Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
I tillegg vert du medlem i KLP, ei av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
- Les meir om kulturskulen: Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler - Hyllestad kommune
**Som danselærar vil arbeidsoppgåver mellom anna vere**:
Planlegge og gjennomføre dansetimar for barn og ungdom i ulike aldersgrupper
Legge til rette for kreativitet, meistringsglede og fellesskap gjennom dans
Bidra til kulturskulen sine danseforestillingar/show og andre aktivitetar
Samarbeide tett med kollegaer og kulturkontaktar i regionen
Kommunisere godt med elevar og føresette
Vi ser for oss at du har
Utdanning innan dans
Praktisk pedagogisk utdanning eller undervisningserfaring med barn og unge
Gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement og tryggleik i læringsmiljøet
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar for stillinga er viktig, vi ser etter ein medarbeidar som er engasjeert, fleksibel og strukturert. Du bør ha eit høgt nivå på dans, vere positiv og inkluderande og ha evne til å tilpasse undervisninga til elevar med ulik alder, erfaring og nivå.
Tilsetting føreset godkjent politiattest i samsvar med lovverket. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn tre månader og skal leggast fram før tiltreding.
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kulturskulerektor Mats W. Systaddal, telefon .
Kulturskulen i Hyllestad, Askvoll og Fjaler er ein interkommunal kulturskule med visjonen «Oppleve, skape, meistre». Kulturskulen har om lag 380 elevplassar og held til i moderne lokale i alle tre kommunane. Vi har også ein annan danselærar som er tilsett hjå oss. Vi ser fram til søknaden din!
Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!
Relevante lenkjer
Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
Hyllestadinfo
Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal
Om bedriften
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten og her er gode vilkår for jakt og fiske. Vi er stolte av den nye fleirbrukshallen vår, her finn du mellom anna klatrevegg, biljardsalong, styrkerom, spinningsal og treningssal/kultursal. Det er eit rikt organisasjonsliv i kommune, vi har diskgolfbane, merka turstiar, kor, kulturskule - for å nemne noko. Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen. Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre. Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og! Tilgjengeerklæring
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
1214e9d0-567c-49e5-a d8863b9f
Sist endret
12. januar 2026
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
_ _nn
Lignende annonser
Fastlege, 100% stilling
Eining helse. Tilsetjing fastlege, 100% fast st. frå etter avtale
Arbeidsgiver
Gulen kommune
Sted
Eivindvik
Er du opptatt av barn si utvikling og oppvekst?
Pedagogisk leiar eller barnehagelærar til Våge barnehage 100 % fast stilling
Arbeidsgiver
Fjaler kommune Våge barnehage
Sted
Hellevik i Fjaler
1,5 måneders fastlegevikariat ved legekontor på Vestlandet
Fastlegevikar på Vestlandet
Arbeidsgiver
Dignus Medical - Kletor AS
Sted
Bergen, Vestland

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.