Home › Jobs › Norge › Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som
🇪🇺 Norge • Permanent

Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som

🏢 Askvoll kommune Helse og omsorg 📍 askvoll 💰 kr650 - kr820 📅 15 November 2026

Job Description

Er du vår nye einingsleiar i Bu- og miljøtenesta? Vi har ledig stilling som

Stillingstittel Einingsleiar ved bu- og miljøtenesta - 100% fast stilling

Vi ser etter einleiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?
Helse- og omsorgsetaten søkjer etter einingsleiar til Bu- og miljøtenesta i Askvoll kommune. dette er ei administrativ 100% fast stilling frå snarast, og vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.
Bu- og miljøtenesta har blant anna ansvar for aktivitetstilbod, butilbod i omsorgsbustader, tiltak i heim, BPA, omsorgsstønad, støttekontakt, avlastningstilbod. Vi er i ferd med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på, og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver:

  • Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, fortrinnsvis vernepleiar. Anna relevant utdanning på bachelor eller masternivå kan bli vurdert.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring

  • Ansvar for dagleg drift
  • Personal-, økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
  • Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
  • Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
  • Vidareutvikling av tenestene
  • Årsturnus
  • Internkontroll

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, fortrinnsvis vernepleiar. Anna relevant utdanning på bachelor eller masternivå kan bli vurdert.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan leiing og administrasjon samt leiarerfaring

Personlege eigenskapar:

  • Er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Har ei løysningsorientert innstilling
  • Godt humør og positiv innstilling

Vi tilbyr:

  • Sjølvstendig stilling
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • Offentleg forsikring og pernsjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande.Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur fra kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

Helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar ved Askvoll omsorgssenter - Utvida søknadsfrist

Sjukepleiarar/vernepleiarar ved Askvoll omsorgssenter - Utvida søknadsfrist

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.