Home › Jobs › Norge › Fagarbeidar/assistent i skule og SFO
🇪🇺 Norge • Permanent

Fagarbeidar/assistent i skule og SFO

🏢 Sula kommune 📍 solavågseidet 💰 kr350 - kr450 📅 13 November 2026

Job Description

Er du ein positiv rollemodell, leiken og har hjarte for barn og unge? Solevåg skule søker etter fagarbeidar/assistent i inntil 95% for komande skuleår. Vi har behov for gode vaksne som likar varierte arbeidsdagar og som kan arbeide både i skule og SFO.
Skulen vår har om lag 185 elevar frå 1.-7. trinn, samt omlag 80 aktive barn i SFO. Vi har eit godt arbeidsmiljø der folk trivst, eit flott uteområde og det er kort veg til fleire fine naturområde.

Det er ønskeleg oppstart frå 5.januar 2027, eller etter nærare avtale. Vi tek omsyn til eventuell oppseiingstid.

Hos oss blir du ein viktig del av elevane sin kvardag, og vil:

  • delta i arbeidet med å planlegge, leggje til rette for, koordinere og gjennomføre aktivitetar saman med elevar i
  • vere ei trygg og tydeleg rollemodell i skule og SFO.
  • følge opp og rettleie barn i leik og aktivitetar i friminutt og uteaktivitetar.
  • ha eit ekstra auge på positiv merksemd, evne å setje tydelege grenser og lage gode rutinar for seg sjølv og elevane

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein god og trygg rollemodell som har:

  • grunnleggande IKT-kompetanse
  • god kompetanse i norsk språk, munnleg og skriftleg

Vi har også ønskje om at du har erfaring frå arbeid med barn og unge, og/eller barn med stort oppfølgingsbehov.

Personlege eigenskapar

  • er ein tydeleg vaksen/rollemodell som legg vekt på å bygge gode relasjonar i elevgruppa
  • kan jobbe sjølvstendig og ta raske avgjerder, men også er ein lagspeler.
  • er løysingsorientert.

I tilsettingsprosessen vil vi leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna for stillinga.

  • ei spennande og utviklande stilling som fagarbeidar/assistent i skule og SFO.
  • eit triveleg og inkluderande skole- og arbeidsmiljø.
#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.