Job Description
Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Prærien 23, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest lørdag 31. januar
Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!
I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie
- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse
- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi har innført kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheiter for fagutvikling og simulering, vi har eigne fasilitatorar og instruktørar.
Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse
- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.
Fyresdal pleie
- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!
Arbeidsoppgåver
Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie
- og omsorgsoppgåver
Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
Multidose
- og generell legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Løysingsorientert og viser initiativ
Nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
Positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
Stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
Tolmodig og har gode kommunikasjons
- og samhandlingsferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
**Tilsettingsvilkår**:
Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
Teieplikt
Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Prærien 23
3870 Fyresdal
**Nøkkelinformasjon**:
**Arbeidsgivar**: Fyresdal kommune
**Referansenr.**:
**Stillingsprosent**: 100%
Fast
**Søknadsfrist**:
Kontaktperson for stillingen
Gry Synøve Åmlid
Avdelingsleiar POS
Om bedriften
Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
26e8a332-b1da-4beb-a7af-772f2b13e2b5
Sist endret
6. januar 2026
Hentet fra
talentech
Referanse
e6f ea04c7a8b4b84cfe8c17ddb
Lignende annonser
Sjukepleiar/vernepleiar 100 % fast
Sjukepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver

Sted
Fyresdal
Ferievikarar pleie og omsorg sommaren 2026

Ferievikarar helse sommaren 2026
Arbeidsgiver
Avdeling helse, Fyresdal kommune

Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.