Job Description
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og eit bredt spekter av vidareutdanninger.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
- Undervisning på bachelor-, master og PhD-nivå med særleg fokus på korleis klimaendringar og endra arealbruk påverkar jordbiologi og økosystema
- Doktorgrad innafor relevant fagområde for stillinga
- Undervisnings- og rettleiingserfaring på universitetsnivå
- Erfaring frå internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid
- Gode faglege nettverk
- Undervisningsspråket er norsk og søkararmå meistre norsk eller eit annaskandinavisk språk.
Ønska kvalifikasjonar
- Erfaring frå utvikling og leiing av studieprogram på universitetsnivå
- Kan legge til rette for at studentar kan delta idéutvikling og kunnskapsbygging
- Erfaring frå populærvitskapleg formidling av forsking
- Erfaring frå prosjekt- og problembasert læring
- Har innsikt i korleis KI kan nyttast i utdanning og forsking
Personlegeeigenskapar:
- Er proaktiv og kan ta eigne initiativ
- Viser interesse for tverrfaglege problemstillingar
- Bidreg positivt til eit inkluderande og trygt arbeidsfellesskap
Utdanningsfagleg kompetanse: For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CVi tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet . Søkjjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
Stillingasom førsteamanuensis/professor lønaetter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor /
1011 - førsteamanuensis.
Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som bæde om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.