Job Description
ØKONOMISENTERET VOSS AS Frist Snarest Ansettelsesform Fast Er du glad i tall, mennesker og smarte løsninger? Er du ein erfaren økonom -gjerne med rekneskapserfaring - eller ynskjer å verta det? Likar du økonomi, ansvar, kundekontakt og ein variert kvardag der du kombinerer økonomifag med smarte, digitale løysingar ? Då kan detta væra jobben for deg. Til våre kontor på Voss/Aurland søkjer me no etter ny kollega. Du kan gjerne ha med deg god utdanning og erfaring, men det er ikkje eit krav - då det viktigaste for oss er at du er topp motivert for å utvikle deg vidare og har stor interesse innanfor økonomi, rekneskap og forretningsdrift. Det viktigaste er viljen til stadig utvikle sin kompetanse, være nysgjerrig på endringar, likar kundedialog og motiverast av å gjera leveransane våre endå betre ved hjelp av teknologi og gode arbeidsprosessar. Hjå Økonomisenteret Voss/Accountor Voss vert du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der me heiar på kvarandre og delar kunnskap. Vert med du og! Dine oppgåver vil mellom anna vera: - Kundeansvar, kundedialog. - Rekneskap, avstemming og rapportering - med fokus på kvalitet og e ektivitet. - Hjelpa kunden med interne prosesser og rutinar. - Bidra til forbetring av våre tenester, gjennom automatisering og bruk av digitale verktøy - Arbeidsoppgåver tilpassast kompetanse, erfaring og ynskje om utvikling. Me ser for oss at du har: - God systemforståing og nøyaktig arbeidsmåte - Ein positiv haldning og motivasjon til å bidra i eit fagleg sterkt miljø - Du er nysgjerrig, likar fagleg utvikling og håndtera ein variert arbeidskvardag med tempo. - Du har gjerne erfaring innanfor rekneskap, controller, rapportering, lønskjøring, osv. - Gode IT-kunnskapar. Hjå oss får du: - Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer - Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap - Høg grad av sjølvstende og tillit - Konkurransedyktige vilkår og eksibel arbeidstid - Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (alternativt i Aurland) - Oppstart etter avtale Tre gode grunnar til å jobba hjå oss 1. Du vil få moglegheit for utvikling - fagleg og personleg. Me er lidenskapleg opptatt av gode tenesteleveransar, ha tilgang til dei beste systema og av å utvikla både oss sjølv og kollegaene våre. Hjå oss får du både støtte og moglegheiter
**Spørsmål om stillingen**:
- Kontaktperson: Margit Karin Himle
- Stillingstittel: Økonomikonsulent/Selskapsrådgjevar
- Mobil:
**Spørsmål om stillingen**:
- Kontaktperson: Margit Karin Himle
- Stillingstittel: Økonomikonsulent/Selskapsrådgjevar
- Mobil:
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.