Job Description
Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du får skape gode møte mellom kyrkja og barn, unge og familiar – og formidle kristen tru på ein trygg, kreativ og inkluderande måte? Då kan stillinga som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar vere noko for deg!
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du som søkjer må
være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
beherske data som arbeidsverktøy
ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må leggast fram ved tilsetjing.
Til denne stillinga (50%) ligg for tida fylgjande oppgåver:
- Planlegging og gjennomføring av samlingar for barn og unge i alderen 0-13 år som t.d. dåpsskule, utdeling av kyrkjebøker, samarbeid med skulane/barnehagane, Tårnagenthelg og Lys Våken.
- Invitere frivillige til å bidra i arbeidet, og fylgje dei frivillige opp.
- Det kan også verta aktuelt med kyrkjelydstilbod for andre aldersgrupper.
- Ein ynskjer at kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar skal ha fridom til å utforme eit tilbod basert på eigne interesser og kvalifikasjonar. Men ein føreset at arbeidet skjer innen dei rammene som fellesrådet set, og at det innhaldsmessig skjer i samråd med sokneprest.
Skriv i søknaden om du søkjer på heile eller delar av stillinga
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.