Home › Jobs › Norge › Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
🇪🇺 Norge • Permanent

Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering

🏢 Helse Førde 📍 førde 💰 kr650 - kr900 📅 09 November 2026

Job Description

Vi søkjer LIS i fysikalsk medisin og rehabilitering til eit års 100% vikariat ved Førde sentralsjukehus, oppstart snarast eller etter avtale. Stillinga er uten vaktordning.

Også legar som ventar på LIS1-teneste er velkomne til å søkje.

Er du interessert i Fysikalsk medisin og rehabilitering har vi den rette stillinga for deg.Her vil du møte eit breidt spekter av problemstillingar innan muskel- og skjelettlidingar, rehabilitering, nevrologi, smerteproblematikk og arbeidsrettet oppfølging. Du vil få høve til å følgje pasientar over tid og bidra til å gi pasientane betre funksjon, utfolding og livskvalitet etter sjukdom eller skade.

Vi tilbyr spanande og utviklande stillingar med god moglegheit til å vere med og påverke dette allsidige og spanande fagfeltet si vekst og utvikling? Her er det mogleg å bidra både i sengepost, poliklinikk, gruppebasert behandling og opplæring. Våre legar går ikkje vakt. Vi har tre overlegar og ein LIS.

Hos oss vil du oppleve tett samarbeid / oppfølging, gode moglegheiter for fagleg utvikling og ein arbeidskvardag prega av samarbeid, læring og faglig interesse. Du blir del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og får arbeide tett med erfarne terapeutar frå ulike faggrupper. Både i klinisk arbeid, utforming av nye metodar, bruk av ny teknologi (VR), forsking og akademika har vi mykje å tilby. Det er gode sjansar for at nettopp du vil trivast godt hjå oss.

Arbeidsoppgåver og ansvar vert tilpassa di erfaring, kompetanse og faglege utvikling.
Nærområde til sjukehuset har mykje å tilby innan friluftsliv, idrett, kultur og andre opplevingar. Sunnfjord har eit rikt og variert næringsliv med gode arbeids og karrieremoglegheiter.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer leg ar med interesse for tverrfagleg samarbeid og erfaring frå spesialisthelsetenesta.
  • Legar med autorisajson som ventar på LIS1-teneste
  • Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
  • Stillinga er uten vaktordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Helse Førde kan vere behelpeleg med å skaffe bustad nær sjukehuset

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

H else Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald fra arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.