Home › Jobs › Norge › Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat
🇪🇺 Norge • Permanent

Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat

🏢 Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk 📍 hagavika 📅 13 November 2026

Job Description

Ved Kysthospitalet i Hagevik er detledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 6 månadar med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling.Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.

Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisninga av medisinstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.

Søknadsfrist:

  • Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjonog godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norskregelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift.
  • LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag.
  • I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

E-post:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.