Job Description
Nevrologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS-vikar i perioden
Legar med fullført LIS1, LIS1-ventarar og medisinstudentar med lisens kan søkje og bli vurderte for vikariatet.
Om seksjonen
Legane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR). Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi og EEG-laboratorium. Vi har òg fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS.
Eit fagmiljø i utvikling
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene våre og organiseringa av arbeidet.
Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i forvaktordning (døgnvaktordning, tilstadesvakt, med supervisjon frå bakvakt)
- Arbeid på sengepost under supervisjon
- Diagnostisere og behandle pasientar med nevrologiske tilstandar, både i akutt- og elektiv verksemd.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper.
- Bidra til fagleg utvikling og undervisning.
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, eventuelt lisens.
- Relevant sjukehusersfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg og blir vektlagt
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit tverrfagleg miljø
- Evne til å ta initiativ og vere løysingsorientert
- Engasjert og med pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Hjelp med å skaffe bustad
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Elin Seim,Seksjonsleiar,(+
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist:
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.