Job Description
Vil du bli ein del av eit engasjert og inkluderande lærarteam?
Gjemnes kommune ligg vakkert til på Nordmøre, midt mellom Kristiansund og Molde. Med sine naturskjønne omgjevnader byr kommunen på flotte moglegheiter for friluftsliv året rundt, perfekt for deg som likar ein aktiv livsstil. Kommunen har omlag 2700 innbyggjarar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, der vi byggjer verksemda vår på lagånd, ansvarleggjering og lojalitet, med eleven i sentrum.
Angvik skule er ein fådelt barneskule, 1.-7. med omlag 40 elevar. Vi er 10 tilsette som kvar dag arbeider for å gi elevane eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Skulen vart renovert i 2024 og har moderne fasilitetar.
Visjonen til oppvekssektoren er: "Vi lar flammen brenne!" Vi ønskjer å gi elevane eit sterkt sjølvbilete, tryggleik i samhandling med andre og lyst til videre utdanning. Som ein del av Oppvekstnettverk Nordmøre deltek vi aktivt i læringsløypa språk og skriv. Vi er òg med i prosjektet "Læring i friluft".
Vi har med atterhald, ledig ei mellombels lærarstilling fram til 31.7.2027 med moglegheit for forlenging.
- Har eit positivt elevsyn og skaper gode relasjonar til elevane.
- Er ein inkluderande, tydeleg og omsorgsfull klasseleiar.
- Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Har gode digitale ferdigheiter og evnar å bruke teknologi i undervisninga.
- Ein spennande arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø.
- Gode utviklingsmoglegheiter og deltaking i faglege nettverk.
- Løn etter gjeldande regelverk.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette for arbeidsforholda ved behov.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Dersom du ønskjer unntak fra innsyn, må dette grunngivast i søknaden. Søkjarar som ikkje får innvilga ønsket om unntak, vil bli varsla.
Den som blir tilsett, må før tiltredning leggje fram politiattest i samsvar med opplæringslova § 17-11. Tilsetjing sker under føresetnad av at politiattesten ikkje inneheld merknader som er til hinder for tilsetjing.
Busette i Gjemnes kommune får nedskriving av studielånet sitt frå og med januar 2026.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.