Job Description
Vi søkjer etter lærar til vaksenopplæringa, der undervisninga er knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå -
Som lærar hos oss får du ei viktig rolle i å hjelpe menneske med ulik bakgrunn til å utvikle språkferdigheiter, forstå samfunnet dei lever i og skape nye moglegheiter for seg sjølve og familiane sine. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som arbeider for at alle skal få dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv.
- Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
- Sørge for at barn og unge opplev ein meningsfull kvardag, gjennom å sjå kvart enkelt barn
- Inkludere barn og unge i planlegging av kvardagsaktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning eller anna relevant høgare utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du også har: - Kjennskap til læreplanar og regelverk innan vaksenopplæring
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein lærar som er fagleg trygg, relasjonssterk og som ser verdien av mangfald.
Vi legg vekt på at du:
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
- Er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.