Job Description
Nevrologi og rehabilitering sengepost søkj er ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag.
- Stilling: Midtsoneassistent
- Periode: d.d. -
Om stillinga
Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver. Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen.
Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten.
I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande.
Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkjeformell helsefagleg utdanning.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver t.d. rydde rom, vaske utstyr og skylleromsarbeid
- Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden
- Yte god service til pasient, pårørande og kollegaer.
Kvalifikasjonar
- Det er krav om fullført vidaregåande skule
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring og kurs i interne program vert gitt.
Personlege eigenskapar
- Bidra positivt til kollegialt godt miljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Tilpassingsdyktig
- Påliteleg og arbeidssam
- Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Arbeidstid dagtid
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist:
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.