Job Description
Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
- 100 % fast stilling med oppstart i januar 2027
- Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
- Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
- Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
- Må ha medisinsk kompetanse , til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad,Seksjonsleiar,(+Arbeidssted
Svanehaugvegen 76812Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: #J-18808-Ljbffr
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.