Job Description
Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehushar ledig årsvikariat for overlege frå .Oppstart etter avtale.
Om avdelinga Vi har ei fødeavdeling med om lag 850 fødslar årleg, og høg aktivitet på gynekologisk poliklinikk, fødepoliklinikk og operasjon. Behandling av gynekologisk kreft skjer i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.
Ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og Lærdal tilbyr vi barsel- og polikliniske tenester gjennom God Start-einingane.
Hos oss får du gode moglegheiter til å drive med breidde innan faget. Vi har 2,5 operasjonsdagar per veke og arbeider med å utvide det operative tilbodet i poliklinikken vår. Vi har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø og samarbeider tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sekretærar, jordmødre, uroterapeut og sexolog.
Arbeidstid og vakter
Det er tilstadevakt både for LIS-lege og overlege.Vaktordninga for overlegane er fordelt på ni overlegar og blir planlagt gjennom kalenderplan.
Om arbeidsstaden Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du eit variert tilbod innan kultur, friluftsliv og fritidsaktivitetar. Sjå gjerne kva Sunnfjord kommune har å tilby.
Vi håpar du vil søkje og bli ein del av vårt fagmiljø!
Arbeidsoppgåver
- Avdelinga driv poliklinikkar innan gynekologi og obstetrikk
- Operative prosedyrar innan hovudsakleg benign gynekologi
- Fødeavdelinga dekker alle fødslar i fylket ned til svangerskapsveke 32
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningsnivå: Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du har gode samarbeidsevner, er initiativrik og arbeidsvillig
- Du er målretta og får arbeidet gjort
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldandeovereinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Rekrutteringstillegg
- Utviklande og godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Hansen Folkestad,Avdelingssjef,(+
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Søknadsfrist:
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.