Job Description
Ønsker du varierte arbeidsoppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø?Vi har spennande moglegheiter i vår allmennpsykiatriske poliklinikk.
Vi har fokus på god samhandling, fagleg utvikling og å tilby god tilpassa behandling til våre pasientar.
Øyane DPS består av:
- Alllmennpsykiatrisk poliklinikk: godkjend tenestestad for LIS3, som mellom anna har eige ambulant akutteam (AAT), MBT team og som har ei rekke gruppebehandlingstilbod
- Psykose døgnseksjon: med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3
- Psykosepoliklikk/FACT: godkjend tenestestad for LIS3
Vi legg stor vekt på overlegane sine eigne ønsker og vi er både lydhøyr og fleksibel, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Vi ønskjerå vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønskjer og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.
Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
- Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri
- Noko erfaring frå rettleiing av LIS
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga
- Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse: Blombakkane 75, 5354 Straume, Norge
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.