Job Description
Vil du arbeide med kliniske studiar og løfte medisinsk forsking i sjukehusa?
Vi søker etter ein engasjert og dyktig rådgivar innen kliniske studiar. Kliniske studiar er eit prioritert satsingsområde ved sjukehusa i Helse Vest, og det er eit auka behov for forskingsstøtte til fagmiljøa. Hos oss blir du ein sentral og verdifull samarbeidspartnar for fagmiljøa i regionen, og får ei nøkkelrolle i å rettleie og støtte forskarane gjennom heile prosjektløpet – frå planlegging og oppstart til trygg gjennomføring. Slik bidreg du direkte til at studiane held høg kvalitet og følgjer strenge nasjonale og internasjonale regelverk.
Stillinga ligg til Seksjon for forsking og innovasjon (FoI) ved Forskings- og utviklingsavdelinga. FoI har ansvar for støtte- og rettleiingstenester innen forsking for alle sjukehusa i Helse Vest, og innan innovasjon for Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har ca. 55 medarbeidarar med høg kompetanse på ulike fagområde innen medisin, helsefag, kommunikasjon, jus, økonomi og forvaltning.
Vi søker personar med høg arbeidskapasitet, nøyaktigheit og fleksibilitet, som trivst med å handtere ulike og varierande oppgåver. Som Clinical Research Associate / monitor vil du ha ei viktig rolle i kvalitetskontrollen av kliniske studiar.
Søknadsfrist:
- Monitorering og oppfølging av kliniske studiar i samsvar med ICH-GCP og standardiserte prosedyrar (SOP-ar), hovudsakleg ved Haukeland universitetssjukehus og dei andre sjukehusa i Helse Vest-området
- Gje råd og veiledning om roller, ansvar og regelverk (irekna GCP, CTIS og helseforskningslova) til kliniske utprøvarar og forskargrupper
- Utarbeide rapportar og skrive faglege saker knytt til leveransar og aktivitet og måloppnåing innan fagfeltet
- Bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenester og arbeidsprosessar for kliniske studiar, med særleg vekt på kvalitet
- Handtere førespurnader om mogelege nye studiar frå industrien («feasibility»)
- Delta i fagmiljø, nettverk og konferansar, samt halde faglege innlegg og opplæring
- Reiseaktivitet må påreknast
Kvalifikasjonar
- Formell utdanning på mastergradsnivå (naturvitskaplege fag/farmasi)
- Erfaring frå kliniske studiar er ønskeleg, gjerne frå legemiddelindustrien
- Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk er påkravd, slik at du snakkar og skriv klart, kortfatta og korrekt
- Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på engelsk er nødvendig, ettersom vi ofte nyttar engelsk som arbeidsspråk
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
- Serviceinnstilt og kan lytte til og samarbeide med andre, på tvers av fag og einingar
- Positiv haldning til å tilegne og dele kunnskap
- Fast stilling med meiningsfylte og utfordrande oppgåver
- Lønn etter avtale og ei god pensjonsordning
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook .
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.