Home › Jobs › Norge › Rådgjevar for kontrollutvala
🇪🇺 Norge • Permanent

Rådgjevar for kontrollutvala

🏢 Osteroy 📍 bergen 💰 kr600 - kr800 📅 16 November 2026

Job Description

Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føre kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at kommunane har ein forsvarleg revisjon. Revisor utfører mellom anna rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.

Kontrollutvala har eige sekretariat. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing, møteavvikling og saksoppfølging. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune har fem tilsette. Vi er sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune og leverer i tillegg sekretariatstenester til 14 kommunar i Vestland fylke. Sekretariatet i Vestland fylkeskommune er eit leiande fagmiljø i den kommunale eigenkontrollen, og har mellom anna ansvar for folkevaldopplæring for kontrollutvala.

  • skriv saksframlegg og utgreier saker som kontrollutvala skal behandle, og gir av og til eigne vurderingar
  • planlegg møta i kontrollutvala og legg til rette for dei
  • er med på møta som tilretteleggjar, rådgjevar og protokollførar
  • passar på at kontrollutvala og kommunestyra behandlar kontrollsaker til rett tid
  • hjelper til når fylkeskommunen lyser ut konkurranse om revisjonstenester, saman med innkjøpsavdelinga

Saman med kollegaene dine bidreg du òg til å sikre kvaliteten på arbeidet og utvikle fagområda. Vi tilpassar oppgåvene til kompetansen og erfaringa di.

Kvalifikasjonar

Dette må du ha

  • relevant høgare utdanning, til dømes innanfor statsvitskap, økonomi, rekneskap, revisjon eller jus
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og du kan bruke nynorsk som arbeidsspråk
  • kunnskap om og erfaring med prosessar i folkevalde organ
  • sjølvstendig arbeidsform, god struktur og evne til å halde fristar

Du bør ha master, men relevant erfaring kan kome i staden for utdanninga. Vi oppmodar òg nyutdanna til å søkje. Har du mastergrad, vert du tilsett som rådgjevar. Har du bachelorgrad, vert du tilsett som spesialkonsulent.

Dette er ein fordel

  • fagleg utvikling saman med engasjerte kollegaer og stor påverknad på eigen arbeidskvardag
  • høve til å lære kommunane i Vestland å kjenne
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • fagleg utvikling saman med engasjerte kollegaer og stor påvirknad på eigen arbeidskvardag
  • høve til å lære kommunane i Vestland å kjenne
  • løn etter avtaleverket og strukturen i Vestland fylkeskommune
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Personlege eigenskapar

Slik er du som kollega

Du trivst i møte med folk og byggjer lett relasjonar. Du er tydeleg, høfleg og reflektert i kommunikasjonen og likar å ta ein sakleg og fagleg diskusjon. Du er samfunnsinteressert og trivst i grenselandet mellom administrasjon og politikk.

Praktisk informasjon

Du må rekne med om lag 20 reisedagar i året og noko arbeid på ettermiddagar og kveldar. Du kan ikkje kombinere denne stillinga med andre deltidsstillingar i fylkeskommunen eller i kommunar som sekretariatet tener.

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.