Job Description
Møre bispedømmekontor er plassert i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømmekontoret har om lag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar «Kyrkjefag og samfunn» og «HR og organisasjonsutvikling». Rådgjevarane i kyrkjefag og samfunn er er ein del av biskopen og bispedømerådets administrasjon, og skal vere støtte for biskopen i hennes arbeid med tilsynet med vigsla medarbeidarar og kyrkjelydane, vere med å verkeleggjere bispedømets startegi og støtte prostar og dei lokale kyrkjelydane. I Møre bispedømme er det 95 sokn og 25 Kyrkjelege fellesråd. Fram mot 2030 har Møre bispedøme "unge og unge vaksne", "kyrkja som samfunnsaktør" og "organisasjonsutvikling" som særskilde satsningsområder.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for internasjonal diakoni, økumenikk, dialog og misjon
- Bidra med rådgjeving, saksførebuande arbeid og kompetanseutvikling på vegne av biskopen og bispedømerådet, i samarbeid med prostane og kyrkjevergene.
- Informasjonsarbeid i Møre bispedøme
- Vere med og utvikle satsing på unge og unge vaksne i Møre
- Arbeid med kulturarv og Nasjonaljubileet 2030.
- Oppgåvene vil til en viss grad bli tilpassa erfaring og kompetanse til den rette kandidaten. Staben på bispedømekontoret arbeider tett saman, og ein legg opp til eit tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning, fortrinnsvis innan teologi, kyrkjeleg undervisning og læring eller diakoni.
- Kunnskap om og erfaring med Den norske kyrkja som organisasjon
- Fordel med erfaring frå frivillig arbeid
- Utdanning på masternivå. Erfaring kan kompensere for manglende utdanning.
- Møre bispedøme har nynorsk som administarsjonsspråk, og den som søkjer må oppgi om ein meistrer begge målformar.
Personlege eigenskapar
- God formuleringsevne skriftleg og munnleg
- Evne til å ta initativ og arbeide sjølvstendig
- Proaktiv og løsningsretta
- Gode samarbeidseigenskapar
- Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø!
- Spennende og utfordrende arbeidsoppgaver
- God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- Lønn etter avtale
Møre bispedøme arbeidar for å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetting og ønskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne. Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
Arbeidsstad
Moldetrappa 1 6415Molde
Stillingsprosent
100%
Stillingsfast
Fast
Søknadsfrist
Arbeidsgivar
Den norske kirke
Referansenr.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.