Job Description
Avdeling forvaltning, koordinering og bustadkontoret består av omlag 14 årsverk. Her lyses det no ut ein 100 % fast stilling som sakshandsamar frå og med innan helse- og omsorgstenester. Oppgåvene er å sakshandsame etter lov om helse- og omsorgstenester, pasient -og brukarettigheitslova og forvaltningslova.
Arbeidsstad
Rådhuset, Osøyro
Arbeidsoppgåver
I tida som kjem så må vi skape meir for mindre ved å gå frå tradisjon til inovasjon. Vi søker difor ein initiativrik person med engasjement for forvaltningsarbeid.
- Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å sakshandsame søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber avgjersler om tildeling eller avslag på kommunale tenester ut frå lov, forskrift, rutinar og rettleiing. Som igjen inneber tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlegar, søkjarar og pårørande.
- Veilede og informere brukere og pårørande om bakgrunn for, og konsekvensar av beslutningar
- Sakshandsamaroppgåvene vil i hovudsak vere knytt til handsaming av ulike søknadar om tenester til barn/unge og deira pårørande, samt psykisk helse og rustenster til vaksne, men ein må kunne tileigna seg kunnskap om og bidra på heile kontoret sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Minimum 3 års relevant erfaring frå arbeid innan helsesektoren
- Erfaring som sakshandsamar innan helse-og forvaltningsrett (vil vere ein fordel)
- Kompetanse innen rettleiing (vil vere ein fordel)
- Ynskjeleg at du har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Rask, effektiv og likar høgt arbeidstempo
- Positiv og løysningsorientert med ei heilheitleg tilnærming
- Fremma lagarbeid både internt i avdelinga og mot eksterne aktørar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Fagleg dyktige og engasjerte kollegaer med godt humør i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.