Home › Jobs › Norge › Sekretær
🇪🇺 Norge • Permanent

Sekretær

🏢 Haukeland Universitetssjukehus 📍 bergen 📅 17 November 2026

Job Description

Om stillinga
Vil du vere med og støtte opp om det klinisk-etiske arbeidet i sjukehuset? Vi tilbyr ei mellombels 20% stilling som sekretær i Klinisk etikkomité. Komiteen sitt mandat er å medverke til å auke helsepersonell si kompetanse i å identifisere, analysere og avklare etiske verdispørsmål knytt til pasientbehandling og ved prioritering av ressursar, og dessutan på førespurnad frå helsepersonell eller pasientar hjelpe til med råd om korleis konkrete etiske utfordringar ved behandlinga av kvar enkelt pasient kan løysast.
Klinisk etikkomité er organisert i Seksjon for pasienttryggleik, som er ein av 5 seksjonar i Forskings
- og utviklingsavdelinga. Pasienttryggleik husar også Nasjonalt senter for antibiotikabruk i sjukehus, Regionalt kompetansesenter for smittevern, Regional eining for utanlandsbehandling og Preste
- og samtaletenesta. Seksjonen har 34 tilsetje som mellom anna jobbar med ulike felt knytt til pasientrelaterte uønskte hendingar. Medarbeidarane har bakgrunn frå medisin, farmasi, sjukepleie, juss og teologi, med meir.
- Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Helse Bergen HF**
- Stillingstittel:
**Sekretær**
- Stillingar:
**1**
- Heiltid / Deltid:
**Deltid**
- Tilsetjingsform:
**Engasjement**
- Stillingsprosent:
**20**
- Webcruiter-ID:
** **
- Startdato:
** **
- Sluttdato:
** **
Del på XDel på FacebookArbeidsoppgåver
- Førebu månadlege møte i klinisk etikkomité og arbeidsgruppemøte
- Førebu sakspapir og korrespondanse med gjestar som skal delta i møta
- Skrive referat og saksnotat
- Førebu Etikksalongar og følgje opp gjestar
- Delta i seminar og eventuelt bidra i undervisning av tilsette
- Ansvar for nettside og kommunikasjon
Kvalifikasjonar
- Master eller høgare utdanning
- Helsefagleg bakgrunn og kompetanse i etikk
- Kjennskap til norsk helsevesen
Personlege eigenskapar
- God skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Roleg og trygg framtoning og skapar trygt klima i møte der usemje og moralsk uvisse kan vere til stades
- Evne til å jobbe tett med med fagpersonar frå ulike avdelingar og profesjonar
Vi tilbyr
- Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
- Fagleg utvikling
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø Løn etter avtale
- Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge**
**(i ny fane)**
Kontaktinformasjon
**Ingrid Smith**
SeksjonsleiarTelefon:
-
- Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.