Job Description
Du jobbar med installasjon, service og oppstart av reservekraftanlegg. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg, og ser etter ein serviceteknikar med brei teknisk forståing. Østerbø leverer generatorløysingar og hybride system frå HIMOINSA.
- Service og feilsøking på reservekraftanlegg
- Sikre at leveransen blir eilitande løysing
- Har erfaring/utdanning frå mekaniske og/eller elektriske fag (tverrfagleg er ein fordel)
Kvifor velje oss?
Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda, men ein som faktisk er med og påverkar.
- Oppmøtestad Sløvåg, mykje reiseverksemd (med gode reise- og friordningar)
- Sterkt tverrfagleg miljø og korte vegar til avgjerd
- Gode vilkår ved reiseoppdrag og ryddige ordningar
Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege. Selskapet har i dag ca 65 tilsette fordelt mellom hovudkontoret på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.