Home › Jobs › Norge › Sjukepleiar 100% fast stilling - Heimetenester gr. 4 Ølve
🇪🇺 Norge • Permanent

Sjukepleiar 100% fast stilling - Heimetenester gr. 4 Ølve

🏢 Ellen Korsvold 📍 kvinnherad 💰 kr520 - kr640 📅 18 November 2026

Job Description

Bli vår nye sjukepleiar i Ølve!


Vi søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling med oppstart snarast.

Lyst på ein kvardag der faglege utfordringar møter vakker natur? I Ølve får du jobbe i eit mangfaldig og triveleg miljø, omgitt av fjell, fjord og gode kollegaer. Perfekt for deg som set pris på friluftsliv og trivsel på jobb.

Om stillinga:

  • Årsturnus med moglegheit for langvakter ved neste årsplan
  • Variert arbeid med direkte sjukepleie
  • Bruk av velferdsteknologi
  • God dokumentasjonspraksis
  • Tverrfagleg samarbeid i ei engasjert og dyktig gruppe med godt arbeidsmiljø

Kven er du?

  • Autorisert sjukepleiar – nyutdanna er velkomne
  • God på samarbeid og kommunikasjon
  • Positiv, fleksibel og trygg i travle situasjonar

Kvifor Kvinnherad?

Hos oss får du ein jobb – og ein livsstil. Rikt kulturliv, trygg oppvekst, flotte naturopplevingar og gode arbeidstilhøve.

Vi tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Ny ordning for sletting av studielån: Jobbar du i Kvinnherad, kan du få sletta 25 000 kr i året til lånet er nedbetalt

Klar for å bli ein del av laget vårt?
Bli med og skapa gode og trygge opplevingar for innbyggjarane våre.
Vi gler oss til å høyre frå deg!


#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.