Job Description
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert både på Sandvikenområdet og på Haukelandsområdet. Seksjon for alderspsykiatri held til på Haukelandsområdet og har no lokalisering i Glasblokkene.
Seksjon for alderspsykiatri er ei døgneining med 12 sengeplassar, samt ambulante tenester. Seksjonen greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.
Døgneininga har ein ledig fast 100% fast stilling ved alderspsykiatrisk sengepost, med arbeid dag og aften, og kvar 3. helg. Stillinga er ledig omgående.
Arbeidsoppgåver
- Helhetlig sjukeplefagleg oppfølging av eldre pasientar med psykisk sjukdom
- Rettleie, gi støtte og omsorg til pårørande
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Delta i tverrfaglege møte
- Samhandling med andre instansar, internt og kommunale aktørar for å etablere eit godt tilbod til den einskilde pasienten
- Delta i kvalitetsforbetringsarbeid
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse eller geriatri
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Engasjement og interesse for å jobbe med eldre menneske
- Gode IKT-kunnskapar
- Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga mellom anna med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert
- Du jobbar sjølvstendig og tar personleg ansvar for at oppgåver blir utført
- Du er trygg i rolla som sjukepleiar
- Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetanse
- Du kommuniserer og samarbeider godt
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lisa Hartveit, Ass seksjonsleiar,
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Faste stillingar for sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk
Faste stillingar på natt for sjukepleiar/vernepleiar
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.