Home › Jobs › Norge › Stasjonsansvarleg
🇪🇺 Norge • WorkFromHome

Stasjonsansvarleg

🏢 BKK AS 📍 workfromhome 💰 kr680 - kr860 📅 14 November 2026

Job Description

BKK er essensiell i elektrifisering av Vestlandet og trenger fleire dyktige medarbeidarar innanfor transformatorstasjonar. BKK forsyner kundar langs kysten med straum frå Sunnfjord i nord til Etne i sør, i tillegg å ha regionalnett i indre deler av Vestland. Hos BKK vil du få moglegheit til å påverke at Vestland har påliteleg kraftsystem i det grøne skiftet.

Som stasjonsmontør vil du ha ei viktig rolle i å løyse oppgåvene til seksjon stasjon- og kontrollanlegg. Seksjonen er ansvarleg for drift og vedlikehald av BKK sine transformatorstasjonar og består av montørar, stasjonsansvarlege og fagspesialistar på vern- og kontrollanlegg. Seksjonen har også ei sentral rolle som støtte til operativ drift, prosjekt og beredskap.

Stillinga vil inneha drift- og vedlikehaldsansvaret for transformatorstasjonane til BKK nord for Sognefjorden. Arbeidskvardagen vil bestå av direkte oppmøte på ein av desse transformatorstasjonane eller på Energihuset i Førde.

  • Drift, vedlikehald og beredskap av BKK sine transformatorstasjonar.
  • BKK sin stadlege representant ved arbeid i transformatorstasjonar, nye eller eksisterande.
  • Inneha roller som arbeidsleiar, byggeleiar, leiar for sikkerheit, ansvarleg for arbeid og koordinator utføring.
  • Bistå i å prioritere vedlikehald og andre oppgåver/aktivitetar i samsvar med BKK sin vedlikehaldsstrategi, tilstand- og risikobasert vedlikehald.
  • Erfaring med transformatorstasjonar og kontrollanlegg.
  • Grunnleggande engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Høgt fokus på HMS
  • Flink til å følgje opp leveransar på tid, kvalitet og kostnad.
#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.