Home › Jobs › Norge › Stipendiat innan vatn, kulturarv og berekraft i barnehagen
🇪🇺 Norge • Permanent

Stipendiat innan vatn, kulturarv og berekraft i barnehagen

🏢 HVL 📍 bergen 💰 kr500 - kr600 📅 15 November 2026

Job Description

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innen barnehageforsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Vi søkjer etter ein sosialt engasjert og motivert ph.d.-kandidat. Stillinga i barnehageforsking erei forskarstilling som skal gi ein lovande forskarrekrutt moglegheit til fagleg utvikling relevant for kunnskap om barn og barnehage i eit perspektiv av berekraftige framtider. Stillinga skal styrke kunnskapsgrunnlaget for grunn-, etter- og vidareutdanningar vedFLKI og barnehageforsking, og for barnehage- og kultursektoren sitt arbeids- og organisasjonsliv. Arbeidsstad er lagt til miljøet ved BARNkunne – Senter for barnehageforsking, campus Bergen,der også Forskarskulen NORBARNinngår. Senteret utgjer eit tverrvitskapleg kunnskapsmiljø for forsking, formidling og undervisning i barnehagelærarutdanning, masterutdanning og utdanning på doktorgradsnivå. Senteret er også involvert i barn sittliv i eit utvida kultur- og arbeidsliv og knyter band og nettverk både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Stillinga inngår i ei langsiktig strategisk satsing på forsking relevant for barnehagar, lokalmiljø, kulturorganisasjonar og familiar med barn.

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål, og er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet. Miljøet arbeider i dag strategisk for ein plan om ein framleis satsing på framifrå forsking fram mot 2038. Miljøet driv BARNkunne – Senter for barnehageforsking. Senteret er finansiert frå Forskningsrådet (2018 – 2028). Miljøet er vertskap for forskarskulen NORBARN,som blei etablert i 2023.Forskarskulen NORBARN opnar for problematikk som er spesielt relevant for norsk og nordisk barnehagesektor. Avhengig av kandidaten sin faglege kompetanse vil stillinga også knytast til eit av institutta ved fakultetet,campus Bergen.

Lengd på stillinga
Varigheita på stipendiatstillinga er 3 år – ). Om ønskjeleg kan fakultetet vurdere å forlengje stipendiatperioden til fire år – ) der 25 % av tida er karrierefremjande arbeid ved eit av institutta til fakultetet. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil karrierefremjande arbeid bli fordelt over alle åra.

Stipendiaten skal arbeide med problemstillingar innan forskingsfeltet barn, barndom og barnehage, i eit perspektiv av berekraftige framtider. Vi søkjer eit originalt og gjennomførbart prosjekt med tydeleg problemstilling, som knyter seg til arbeidsområdet under.

Stillinga er knytt til pågåande prosjekt i miljøet om vatn og vasslandskap. Prosjektet skal bidra til ny kunnskap om kyst-, marine- og/eller elvesamfunn si immaterielle kulturarv knytt til vatn. Prosjektet kan også knytast til ecological/water literacy.

Vi søkjer prosjekt som utviklar praksisbasert kunnskap om det som skjer i barnehagen og i samspelet mellom barnehage og lokalsamfunn, gjennom samskaping på tvers av generasjonar og mobilisering av immateriell kulturarv. Prosjektet kan undersøkje kva rolle nye digitale, multimediale og teknologiske verkemiddel spelar i slikt arbeid, og kan leggjast opp som casestudier i lokale kulturarvs- og forvaltningskontekstar, til dømes kyst-, marin- og elvkulturarv. Relevante metodiske innfallsvinklar kan vere kroppsleggjorde, leikbaserte og deltakande metodar, historieforteljing og historieskaping, og samskapingssyklusar med verkstad, utprøving, refleksjon og tilpassing. Arbeidsområdet er relevant for FN sitt berekraftsmål 4, 6, 11 og 14.

Det er forventa at stipendiaten fullfører ein ph.d.-avhandling innan tre år, basert på artiklar som er publiserbare i vitskaplege tidsskrift. Det er òg forventa at stipendiaten deltek aktivt intellektuelt og kollegialt i miljøet. Dette kan innebere å vere medforfattar, å dele arbeid undervegs i seminar, verkstad og på konferansar, og det innebar å respondere konstruktivt på initiativ frå andre og sjølv vere ein drivar i miljøet.

Ved tilsetting av stipendiat vil det bli lagt vekt på følgjande kriterium:

  • Prosjektskildring og kvaliteten på denne.
  • Forskingsrelevant erfaring, slik som publisering og deltaking i forskingsprosjekt. Søkjaren skal ha relevant faglig profil i forhold til stillinga og ein sterk fagleg bakgrunn frå tidlegare studium.

Mastergradsoppgåvamå vere levert til vurdering innansøknadsfristen, og mastergradenmå vere godkjent seinastfire vekeretter søknadsfristen.

Ved elles like vilkår vil søkjarar med mastergrad nyare enn 5 år bli føretrekte.

Kjennskap til barnehagesektor, folkehelse eller kultur er relevant og ein føremon, men ingen føresetnad.

Prosjektet inneber deltaking i internasjonale nettverk, der engelsk er naudsynt. Difor må den som blir tilsett meistre engelsk. Det er ein føremon om kandidaten snakkar og skriv norsk eller eit anna skandinavisk språk. Høgt etisk medvit er sjølvsagt for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein kandidat som kan balansere visjonar med gjennomføringskraft. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved BARNkunne, og ei langsiktig satsing for framifrå forsking. Difor må kandidaten kunne bidra til eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar som vil bli tillagt vekt er evne til å arbeide kreativt, sjølvstendig, kollegialt og strukturert. Søkjaren må kunne vise til gode samarbeidsevner, inkludert evne til å arbeide saman med andre om felles mål. Evne til å engasjere andre og til god kommunikasjon er ynskjeleg.

Søkjaren må leggje ved ei prosjektskisse på inntil fem sider, inkludert referansane som er brukt i skissa. Skissa bør gjere greie for problemstilling og forskingsspørsmål, teoretisk forankring, metode og datamateriale, framdriftsplan for tre år, etiske vurderingar og forventa bidrag. Der det er føremålstenleg, kan datagenerering skje i tilknyting til aktivitetane i dei prosjekta stillinga er kopla til. Den førebelsprosjektskildringavil nyttastmed tanke på vurdering av kvalifikasjonanetil kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Prosjektskissa dannar grunnlag for dialog med rettleiingsteamet, og prosjektet vil bli revidert i samarbeid med rettleiarane etter tilsetting. Prosjektskissa skal slik vere eit solid grunnlag for å utvikle ei fullstendig prosjektskildring etter tilsetting som stipendiat.

Stillinga føreset opptak på ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" og deltaking i Forskarskulen NORBARN. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER . Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrstsendastetter eieventuell tilsetjing.Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanning innan tre (3) måneder etter oppstart, jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.

Stipendiatstillingaer eirekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet. Dersom det er tillagt pliktarbeid til stipendiatstillinga, skal pliktarbeidet utførastved Høgskulen på Vestlandet. Det er videreein føresetnad at den som vert tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen i tilsetjingsperioden.

Den som blir tilsett, skal i samarbeid med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen stipendiaten skal byggje opp. Det skal setjast kompetansemål både for doktorgradsarbeidet og eventuelt anna karrierefremjande arbeid som blir lagt til stillinga. Stipendiaten vil ha tilgang til karriererettleiing.

Anna karrierefremjande arbeid kan til dømes omfatte undervisning og undervisningsrelatert arbeid, opparbeiding av norskkunnskapar, bidrag i forskingsfellesskap, samarbeid med offentlege eller private aktørar med meir.

For aktuelle stillingar gjennomfører HVL bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ekstern leverandør for å verifisere opplysningar som går fram av tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset gjennomført bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.

  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheitfor kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Eit aktivt og ansvarleg rettleiarteam med både senior og yngre rettleiarar

Stillingasom stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frålønavertdet trekt2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvartid gjeldfor stillinga.

Vi gjer merksam på at unntak fra den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert prise til følgje.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleggrad speglemangfaldet i befolkninga. Det er diforeit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og holi CV.

Tilsetjing skjer under føresetnad av at du får innvilga arbeids- og opphaldsløyve (må vurderast individuelt).

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan kommetil bruk i behandlinga av søknadane.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.