Home › Jobs › Norge › Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven
🇪🇺 Norge • Permanent

Tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven

🏢 Are Kristofer Hjeltnes 📍 aure 💰 kr420 - kr520 📅 18 November 2026

Job Description

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?

  • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
  • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
  • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
  • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har ledig, fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven.
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?

Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane:


Arbeidsoppgåver

Kliniske oppgåver

  • Assistere tannlege og tannpleiar i behandling av alle pasientgrupper.
  • Varierte kliniske arbeidsoppgåver, med pasientar i alle aldersgrupper.
  • Hygieneansvar og oppgåver innan smittevern.
  • Administrative oppgåver knytt til timebestilling, journalsystem og pasientkontakt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
  • Søkarar utan autorisasjon kan bli vurderte for tilsetting i stilling som assistent dersom vi ikkje har kvalifiserte kandidatar med gyldig autorisasjon.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasienttryggleik.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • kjenner stoltheit for tannhelsefaget
  • er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • tek ansvar og bidreg til god samhandling på tvers av klinikkar og fagmiljø
  • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert stilling.
  • Lønn etter tariffavtale
  • Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk.
  • Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Introduksjonsprogram.
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)

Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Berte Helen Støylen Hole,Klinikkleder
Are Kristoffer Hjeltnes,Overtannlege Ålesund kompetanseregion,

Arbeidsstad

Ullavikvegen 7
6230Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist:

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.