Home › Jobs › Norge › Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule – 100 % vikariat
🇪🇺 Norge • Permanent

Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule – 100 % vikariat

🏢 Bjørnafjorden kommune 📍 koldal 💰 kr520 - kr640 📅 16 November 2026

Job Description

Vil du vere med og skape ein god skulekvardag for ungdom?

Om arbeidsstaden

Fusa ungdomsskule ligg sentralt i Eikelandsosen, mellom fjord og fjell. Skulen er moderne og flott, med idrettsanlegg og fleirbrukshall like ved.

Skuleåret 2026–2027 har vi om lag 150 elevar og eit utviklingsorientert og humørfylt personale.

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Kompetanse i eitt eller fleire av faga skulen har behov for, er ein fordel.
  • Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir.
  • Det blir stilt krav om tilfredsstillande politiattest i tråd med opplæringslova.

Personlege eigenskapar

  • Er ein tydeleg og trygg klasseleiar.
  • Byggjer gode relasjonar til elevar og vaksne.
  • Er fagleg engasjert og open for nye arbeidsmetodar.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner.
  • Har interesse for pedagogisk utviklingsarbeid.

Søkjarane blir vurderte ut frå skulen sine behov og personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Faglege og personlege utfordringar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande avtalar.
  • Vi tilbyr mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar.
  • Vi arbeider for å utvikle ein heiltidskultur i kommunen.
  • For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse .

Anna informasjon

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysninger kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgiBANK-ID -informasjon i søknadsprosessen.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.