Job Description
Vihar ledig 100 % stilling med arbeid i turnus for ein engasjert ergoterapeutsom vil bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter avd. Fjordheim.
Er dette deg?
Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønsker å være med å videreutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensinger.
Som ergoterapeut i avdelinga vil du få eit særskilt og sjølvstendig ansvar for:
- Kartlegge behov, bestille/søke om og tilpasse hjelpemiddel
- Rettleie og vere ein ressursperson i høve til ergonomi
- Fungere som forflytningskontakt på Fjordheim og bidra med kompetanse inn i nettverket for forflytningskontakter
- Bidra med kompetanse ut over eiga avdeling, samt mynde til å instruere anna personell i situasjoner der ein ønsker ei vurdering av ergoterapeut.
Du vil være ein av grunnbemanninga og fellesskapet på avdeling Fjordheim
Avdeling Fjordheim er ei avdeling med 20 bebuarar som har diagnosen demens. Dei bur i eigne omsorgsbustadar i 1. etg på Luranetunet med utgang til Sansehagen (ute) og Tropehagen.
Vi ser etter deg som:
- har autorisasjon som ergoterapeut
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen
- deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar med kompetansen din når det trengst.
Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Arbeidsstad
Kunnokre minuttars køyring frå Bergen liggLuranetunetBu- og behandlelsensenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase.Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt.
Luranetunetsin visjon er «Varme og vekst isamspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum avLuranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen ereingod plassåvereforbebuarar,pårørandeog tilsette - og alt anna somveksogtrivstnår vileggtil rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus,bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekststår for den gode omsorgabebuaranevåre skal oppleve, denpersonlegeogfaglegutviklinga viønskjerfordeitilsette, og den varme velkomsten vi vil gi tilpårørandeog andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi hareigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og brukakompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vil du lesa meir omLuranetunetbu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Vi kan tilby:
- 100 % stilling med arbeid kvar 3. helg i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
- Vi har fokus på heiltidskultur og fleksible arbeidstidsordninger
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Luranetunetsatsar på kompetansebygging og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi önskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.