Home › Jobs › Norge › Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?
🇪🇺 Norge • Permanent

Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?

🏢 Retura Søre Sunnmøre AS 📍 åsen 💰 kr700 - kr900 📅 11 November 2026

Job Description

Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?

Vil du hjelpe næringslivet på Søre Sunnmøre med å gjere avfall om til ressursar?

Retura Søre Sunnmøre AS søkjer ein Sal- og berekraftansvarleg som kan kombinere sal, rådgjeving og miljøkunnskap.

Om stillinga

Som Sal- og berekraftansvarleg får du ansvar for å utvikle kundeporteføljen vår og for å gjere berekraft til eit konkurransefortrinn – både for kundane og for oss sjølve.

Du følgjer opp eksisterande næringskundar, hentar inn nye og hjelper dei med å skreddarsy avfallsløysingar som gir høgare sorteringsgrad, lågare kostnader og betre miljøresultat.

Stadig fleire verksemder må dokumentere miljø- og klimaarbeidet sitt overfor kundar, finansinstitusjonar og styresmakter.

Her blir du ein viktig rådgjevar: du set saman avfalls- og miljørapportar, tolkar tala og viser kundane korleis dei kan nå miljømåla sine.

Internt har du ei sentral rolle i berekraftsarbeidet til RSS, mellom anna i oppfølginga av miljøsertifiseringa og strategiplanen vår.

Stillinga er ein del av administrasjonen, og du deltek difor også i dei felles administrative oppgåvene, mellom anna ordremottak, telefon og kundeservice.

Du samarbeider tett med driftsavdelinga og fagmiljøa i Retura-kjeda.

Du rapporterer til dagleg leiar.

Som person er du trygg, nysgjerrig og flink til å byggje relasjonar.

Du likar å vere ute hos kundar, er strukturert og sjølvgåande, og har ei forretningsmessig tankegang.

Du kommuniserer godt og kan forklare miljøkrav og tal på ein enkel måte.

Vi har eit uformelt arbeidsmiljø, og håper å finne deg som vil vere med på å ta vare på det – og gjere selskapet endå betre.

  • Delta i ordremottak og telefonsløyfa i administrasjonen

Berekraft og rådgjeving

  • Rådgjeving til kundar om sortering, gjenvinning og sirkulære løysingar
  • Utarbeiding av avfalls- og miljørapportar til kundar, mellom anna sorteringsgrad og klimaeffekt
  • Bidra i berekraftsarbeidet til RSS og i oppfølginga av strategiplanen
  • Bidra i oppfølginga av ISO 14001 og ISO 9001 og i lovpålagde rapporteringar
  • Marknadsføring og synleggjering av RSS lokalt

Kvalifikasjonar

  • Kunnskap om berekraft, miljøstyring eller klimarekneskap er ein klar fordel
  • Gode datakunnskapar og fortruleg med digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og positiv
  • Løysingsorientert og fleksibel i ein travel kvardag
  • Ei samfunnsviktig rolle i ein bransje i rask utvikling, der sirkulær økonomi og berekraft står sentralt
  • Stor fridom til å forme stillinga og vere med på å byggje opp berekraftsarbeidet

Høyrest dette ut som deg?

Søknadsfrist: 25. november 2026

Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, så send gjerne søknaden tidleg.

Alle søknader blir handsama konfidensielt.

Har du spørsmål om stillinga?

Ta kontakt med dagleg leiar Mads Harald Indresøvde på mobil eller e-post

  • Telefon som arbeidsverktøy

Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) vart etablert i 2004 og er ein av dei største aktørane innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre.

Vi leverer eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og tek hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.

I dag er vi 17 tilsette i Hovdebygda i Ørsta.

Vi har nyleg fått meir areal, investerer i nytt utstyr og satsar endå meir på sortering og sirkulær økonomi i åra som kjem.

Som ein del av Retura-kjeda kan vi tilby tenestene våre på tvers av fylke og regionar.

Saman arbeider vi for eit miljø i balanse gjennom berekraftig gjenvinning og sirkulær økonomi.

Vi bidreg til eit reinare lokalsamfunn og jobbar kontinuerleg for at ingen ressursar kjem på avvege.

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.