Home › Jobs › Norge › Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?
🇪🇺 Norge • Permanent

Vil du jobbe helg på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?

🏢 Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter 📍 osøyro 💰 kr350 - kr480 📅 14 November 2026

Job Description

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

  • Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
  • Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
  • Turnusordningar: annan, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.

Kven ser vi etter?

  • Du har interesse for å jobbe med menneske
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Fokus på heiltidskultur

Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag, kveld eller natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.

Kvifor velje Luranetunet?

  • Vi har ein unik tropehage på 1300 m² – eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.
  • Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar – noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling.
  • Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen.
  • Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel – vår visjon.

Arbeidstid og stillingsstorleik

  • Arbeid på helg: fredag og/eller laurdag og søndag.
  • Turnusordningar: annan, tredje kvar eller kvar fjerde helg i langvakter.
  • Stillingar frå 11 % til 25 % – skriv gjerne i søknaden kva du ønskjer.

Kven ser vi etter?

  • Du har helsefagleg utdanning, er under utdanning ellervurderer kanskje helsefagleg utdanning.
  • Du må du vere fylt 17 år.
  • Du har interesse for å jobbe med menneske
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): Politiattest må leggjast fram.

Om arbeidsstaden

Luranetunet ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelinger – inkludert tilrettelagte avdelingar for personar med demens. Vi er ein utdanningsinstitusjon med studentar, lærlingar og vi har eigne sjukeheimslegar.

Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og brukakompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing
  • Løn etter gjeldande avtaler.For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen.Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % stilling underdokumentertutdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kanetter lokal ordningfå tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, vedfast tilsetting innan 1.desember året før
  • Tillegg på årslønn for arbeid på natt
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Fokus på heiltidskultur

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

#J-18808-Ljbffr

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.