Job Description
Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrkakompetansen din.
Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2027 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram.
Arbeidsdagen er variert, og aktiviteten går særleg føre seg på morgonen når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar.Me planlegg også for pilotering av behandling med ketamin.
Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss!
- Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp.
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskelig, men vi gir opplæring i prosedyrer for ECT og TMS.
Ønskjeleg:
Vi søkjer fortrinnsvis etter ein spesialsjukepleiar, men ein sjukepleiar med erfaring innan psykiatri og relevante prosedyrar kan òg bli vurdert.
- Lagspelar : Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
- Fleksibel : Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
- Læringsorientert : Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
- Eit fagmiljø som satsar på evidensbasert behandling.
- Moglegheit til å styrke din kompetanse innan biologisk behandling.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.