Job Description
- Arbeidsspråk Norsk
Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit nasjonalt fartøyvernsenter?
Vil du vera med å halda hjula i gang ved eit av dei nasjonale fartøyvernsentra?
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av tradisjonshandverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Senteret er ein avdeling i Hardanger og Voss museum med kring 45 tilsette i Norheimsund.
Til stillinga søkjer me ein strukturert og serviceinnstilt administrasjonskonsulent som vil spela ei sentral rolle i den daglege drifta av verksemda. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan administrasjon, logistikk, innkjøp, HMS, kvalitetssystem, lærlingoppfølging og intern koordinering.
Som administrasjonskonsulent bidreg du til at fagmiljøa våre kan konsentrera seg om kjerneoppgåvene sine innan fartøyvern, handverksopplæring, kulturminneforvaltning og formidling. Du får ei viktig rolle i å sikra gode rutinar og velfungerande administrative system.
- organisering av tenestereiser og overnattingar
- administrativ oppfølging av lærlingar og lærekontraktar
- administrasjon av volontørordningar og internasjonale utvekslingsprogram
- koordinering av service, vedlikehald og lovpålagde kontrollar av maskiner og utstyr
Kvalifikasjonar
- relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå større verksemder eller organisasjonar
- kjennskap til lærlingordningar
Personlege eigenskapar
- serviceinnstilt og løysingsorientert
- trivst med varierte arbeidsoppgåver, evnar å handtera fleire oppgåver samstundes og prioritaria mellom dei
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt
Ei variert og meiningsfull stilling ved eit av dei fremste fagmiljøa innan maritim kulturhistorie, fartøyvern og tradisjonshandverk i Noreg. Du får arbeida tett på både fagpersonar og leiarar i ei verksemd med stort samfunnsoppdrag og høgt aktivitetsnivå.
Hardanger fartøyvernsenter kan tilby gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakta avdelingsleiar ved HFS, Sjur Tarjei Fykse på telefon .
Hardanger fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv museum, restaurering av verneverdige fartøy og bygg, vern og vidareføring av tradisjonshandverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv.
HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. Senteret er ein avdeling i Hardanger og Voss museum med kring 45 tilsette i Norheimsund.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.