Arkitekt
Job Description
Vi søker etter arkitekt med erfaring frå prosjektering og prosjektgjennomføring. Vi legg vekt på god fagkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må vera ein dedikert lagspelar som trivast med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet. God dialog med våre byggherrar og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.
Kvalifikasjonar/kompetansekrav
- Utdanna arkitekt med Master.
- Ønskeleg med prosjekteringserfaring og prosjektgjennomføring innan faget.
- Bør kunne beherske Revit og andre visuelle virkemidler.
- God kunnskap om Plan- og Bygningslova.
- Gode norskkunnskapar, gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner.
- Er kunnskapsorientert, fagleg nysgjerrig og kvalitetsbevisst.
- Likar å ta ansvar, og vere delaktig i utvikling av prosjekt og firmaet.
- Referanseperson oppgis.
Vi tilbyr
100% stilling, lønn etter avtale, pensjons- og forsikringsordninger.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø.
Arbeidsstad Ålesund eller Ulsteinvik.
Søknadsfrist:
Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode buforhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande. Vi er i dag 19 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar.
#J-18808-LjbffrReady to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.