Home › Jobs › Norge › Bioingeniør/avdelingsingeniør
🇪🇺 Norge • Permanent

Bioingeniør/avdelingsingeniør

🏢 Haukeland Universitetssjukehus 📍 bergen 📅 27 October 2026

Job Description

Om stillinga
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta
- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.
- Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig ein fast grunnstilling som bioingeniør/avdelingsingeniør. Stillinga er knytt opp mot Seksjon for immunologi. Stillinga er ei dagstilling med 37.5 timar pr. veke.
Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt og travelt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Helse Bergen HF**
- Stillingstittel:
**Bioingeniør /Avdelingsingeniør**
- Stillingar:
**1**
- Heiltid / Deltid:
**Heiltid**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprosent:
**100**
- Webcruiter-ID:
** **
Del på XDel på FacebookArbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking
- Hovudsakeleg ha arbeidsoppgåver knytt opp til dagleg analytisk drift
- På seksjonen vil ein hovudsakleg arbeide med proteinbaserte analysar som m.a. ELISA, immunfluorescens, neflometri, multiplex immunoassay, elektroferese og noko nukleinsyrebaserte analysar
- Medansvar for instrument og vedlikehald av apparatur
- Vera ein pådrivar i analysearbeidet og tilhøyrande oppgåver
- Bidra i opplæring av medarbeidarar og studentar
- Bidra til vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar
- Oppgåver knytta til kvalitetsarbeid og akkreditering
- Andre oppgåver kan tilkome stillinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør/minst bachelor innan molykylærbiologi og eller anna relevant laboratoriefagleg utdanning. Bioingeniør vil bli føretrekt
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Det er en fordel med bred erfaring frå Immunologiske analysar og metodar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du har god evne til kommunikasjon, både skrifteleg og munnleg
- Du har evne og ønskje om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
- Du kan arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og liker varierte arbeidsoppgåver
- Du har engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er systematisk og ryddig og har evne til raskt å setje deg inn i problemstillingar
- Du tar initiativ og hjelper andre om det skulle være nødvendig
- Du er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
- Du har høg arbeidsmoral, er punktleg og ansvarsmedviten
- Kunna arbeide etter avdelingas kvalitetsmål
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode opplæringsprogram
- Faglege utfordringar
- Varierte oppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Gode pensjons
- og forsikringsordningar
- Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge**Klikk for å leggje til kart**
Kontaktinformasjon
**Siri Brønlund**
Seksjonsleiar Seksjon for immunologiE-post:
- Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
- Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →