Home › Jobs › Norge › Fagleiar I Barnehage
🇪🇺 Norge • Permanent

Fagleiar I Barnehage

🏢 Bremanger kommune 📍 kalvåg 📅 27 October 2026

Job Description

**Fagleiar i barnehage**Bremanger kommune, Kalvåg oppvekst**:
**Søk på stillinga**:
**Om stillinga**:
Kalvåg oppvekst, avdeling barnehage, har ledig ei 100% fast stilling som fagleiar.
Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage har to avdelingar.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage
- og skulemiljø».
**Nøkkelinformasjon**:
- Søknadsfrist:
-
- Arbeidsgivar:
- Bremanger kommune
- Stad:
- Kalvåg
- Stillingstittel:
- Fagleiar i barnehage
- Stillingar:
- 1
- Heiltid / Deltid:
- Heiltid
- Tilsetjingsform:
- Fast
- Stillingsprosent:
- 100
- Webcruiter-ID:
-
- Del på X
- Del på Facebook
**Arbeidsoppgåver**:
- Vere ein del av leiarteamet både på Kalvåg oppvekst og i kommunen
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
- Ha det faglege ansvaret for barnegruppa og oppfølging av barn med spesielle behov
- Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
- Sikre eit inspirerande og inkluderande leike
- og læringsmiljø
- Fagleg leiing og organisering av personalet og barnehagen
**Kvalifikasjonar**:
**Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har**:
- Godkjend barnehagelærerutdanning.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
**Personlege eigenskapar**:
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids
- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
**Vi tilbyr**:
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000;
- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
**I tillegg får du**:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Rekrutteringstilskot til pedagogisk leiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
- Gode pensjons
- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
**Adresse**: Kleivavegen 13, 6729 Kalvåg, Norge**:
**Opne vegbeskriving**
**Kontaktinformasjon**:
**Gro Bakke Abildsnes**
- Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
- Telefon:
**Om arbeidsgivaren**:
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →