Home › Jobs › Norge › Pp-rådgjevar. 2-årig Prosjektstilling I 50%
🇪🇺 Norge • Permanent

Pp-rådgjevar. 2-årig Prosjektstilling I 50%

🏢 Oppvekst, Vinje kommune 📍 vinje 📅 27 October 2026

Job Description

Oppvekst, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
PP-rådgjevar. 2-årig prosjektstilling i 50%
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Antall stillinger
1
Vis flere detaljer
Søk senest torsdag 21. mai
PPT Vest-Telemark lyser ut ei 2-årig prosjektstilling i 50 % som PP-rådgjevar. Prosjektstillinga er retta mot vidareutvikling av førebyggjande og systemretta praksis i barnehage og skule, med særleg vekt på tidleg innsats, læringsmiljø og kompetanseutvikling. Målet er å styrkje kvaliteten i tilpassa opplæring gjennom kunnskapsbaserte tiltak, slik at behovet for individretta vedtak kan reduserast. Ein må også medrekne arbeid på individ nivå der det er behov.
PPT Vest-Telemark er ei interkommunal teneste for kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje der Vinje er vertskommune. Hovudkontoret er i Åmot med arbeid ut i dei tre kommunane. Du vil møte dyktige, motiverte og hyggelege medarbeidarar, i eitt breitt fagmiljø på tvers av tenester og verksemder. Me tilbyr stor grad av sjølvstende og påverknadsmoglegheit. Relasjonskapasitet og samskaping er berebjelker i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
System
- og individretta rettleiing til barnehage og skular.
Delta aktivt med tidleg innsats og førebyggjande arbeid inn i skular og barnehagar.
Støtte barnehagar med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.
Kartlegge og utgreie barn som har behov for ekstra hjelp og støtte.
Sakkunnige vurderingar etter opplæringslova, barnehagelova og lov om vaksenopplæring.
Samarbeide med 2. linetenester.
Utvikle godt samarbeidsklima med aktuelle samarbeidspartnarar gjennom gode rutiner.
Legge til rette for godt samarbeid med barn og føresette.
Kvalifikasjonar
Utdanning innan det pedagogiske fagfeltet.
Det er ynskjeleg med mastergrad innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller tilsvarande, men relevant erfaring kan kompansere for deler av manglande utdanning. Forventning om tilrettelegging av naudsynt utdanning vil bli formalisert.
Erfaring frå PP-teneste, skule og/eller barnehage.
Formell testkompetanse, eller brei erfaring med kartlegging og testing.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Kjennskap til barnehagelova, opplæringslova og andre relevante lovverk og styringsdokument.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Du er ein person med varmt hjarte for barn og unge, og jobbar etter barns beste prinsippet.
Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å ta initiativ.
Du er open for endringar og evnjar å justere arbeidsmetodar etter behov.
Du er fagleg nysgjerrig og ynskjer å vere med på å utvikle inkluderande barnehage
- og skulemiljø, med fokus på førebygging og tilrettelegging for barn og grupper med ulike behov.
Du likar utfordringar og kan bidra med å stille kritiske spørsmål og idear til endringsprosessar, både internt i PPT og eksternt til samarbeidspartnere.
Du er god til å lytte og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, med mål om å utgjere ein positiv skilnad for barn og unge i kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje.
Arbeidsmiljø med høg grad av trivsel og motivasjon, med fokus på personleg og fagleg utvikling.
Moglegheit for vidareutdanning.
Tverrfagleg samarbeid.
Stor grad av sjølvstende med god administrativ støtte og tett oppfylging frå leiar.
Fleksitidsordning.
Køyregodgjersle etter statens satsar.
Løn plassert i Vinje kommune lønsregulativ i tråd med gjeldande tariffavtale.
Arbeidstidsavtale med ferie etter avtale.
God forsikrings
- og pensjonsordning.
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
Kommunen omfaattast av ordninga for sletting av studielån i statens lånekasse.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova - 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Vinjevegen 192
3890 Vinje
**Nøkkelinformasjon**:
**Arbeidsgivar**: Vinje kommune
**Referansenr.**:
**Stillingsprosent**: 50%
Anna
**Startdato**:
**Sluttdato**:
**Søknadsfrist**:
Kontaktperson for stillingen
Ingvild Skipar
Leiar PPT

Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →