Home › Jobs › Norge › Seksjonsleiar Ved Kronstad Dps
🇪🇺 Norge • Permanent

Seksjonsleiar Ved Kronstad Dps

🏢 Haukeland Universitetssjukehus 📍 bergen 📅 27 October 2026

Job Description

Om stillinga
**Vil du leie eit fagmiljø med høg kompetanse og bidra til utvikling av framtidas psykiske helsetenester?**
- Kronstad DPS er ein stor klinikk med ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune - til saman om lag 98 000 innbyggarar over 18 år. Vi tilbyr døgn
- og dagbehandling, ambulante tenester og poliklinisk behandling innan fagområda psykose og allmennpsykiatri.
**Allmennpoliklinikk 1**er ein av to poliklinikkar innan allmennpsykiatri. Her gir vi tilbod om utgreiing og behandling av psykiske lidingar til pasientar som har rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Behandlinga kan vere medikamentell, samtalebasert eller ei kombinasjon, og blir tilpassa individuelt eller i grupper. Vi samarbeider tett med fastlegar, NAV, kommunale tenester og andre einingar i spesialisthelsetenesta for å sikre gode pasientforløp.
Målet vårt er å redusere symptom og lidingstrykk, og styrke pasienten sin funksjon slik at han eller ho kan klare seg utan hjelp frå spesialisthelsetenesta.
**Vi ser etter deg som**
- er fagleg engasjert og har lyst til å ta ansvar for leiing og utvikling, motiverast av å arbeide i eit miljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet
- er opptatt av gode pasientprosessar og ser verdien av samhandling på tvers av tenestenivå
- tenkjer heilskapleg og engasjerer deg for heile klinikken og alle pasientgruppene våre
Som leiar får du stor moglegheit til å påverke og vidareutvikle seksjonen gjennom innovasjon og fagutvikling. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø og får god leiarstøtte i oppstartsfasen. I tillegg tilbyr vi tilgang til leiarutviklingsprogram og faglege nettverk, moglegheit for både personleg og profesjonell utvikling, samt eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjement
- Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Helse Bergen HF**
- Stillingstittel:
**Seksjonsleiar**
- Stillingar:
**1**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprosent:
**100**
- Webcruiter-ID:
** **
Del på XDel på FacebookArbeidsoppgåver
- Fag-, personal
- og økonomiansvar for seksjonen
- Sikre at behandlingstilbodet følgjer gjeldande faglege retningslinjer og overordna krav
- Leggje til rette for eit godt, trygt og lærande arbeidsmiljø
- Stimulere til fagleg og personleg utvikling hos medarbeidarane og motivere til fagutvikling
- Halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
- Sjå Kronstad DPS sin samla aktivitet i eit heilskapsperspektiv
- Bidra til at seksjonen sine ressursar blir utnytta best mogleg til fordel for heile klinikken
- Delta aktivt i leiargruppa ved Kronstad DPS og rapportere til klinikkleiar
Kvalifikasjonar
- Høgare helsefagleg utdanning (erfaren psykologspesialist eller psykiater)
- Solid kunnskap og erfaring med arbeid med psykiske lidingar
- God kjennskap til psykisk helsevern og relevante lover og forskrifter
- Leiarutdanning og brei leiarerfaring
Personlege eigenskapar
- Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
- Evne til å samle teamet og skape engasjement
- Dyktig til å delegere, motivere og spele medarbeidarar gode
- Strukturert og målretta i arbeid og leiing
- Handlingsorientert med evne til å ta avgjerder og sikre gjennomføring
- Tydeleg på forventingar og gir konstruktive tilbakemeldingar
- Gode kommunikasjons
- og samarbeidsevner, trivst i eit fleirfagleg miljø
- Opptatt av trivsel og eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Moglegheit til å leie ei engasjert og kompetent personalgruppe med høg fagleg kvalitet
- Løn etter avtale
- Gode pensjons
- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling i eit miljø som satsar på kompetanseheving
- Leiaropplæring og tett leiarstøtte, særleg i oppstartsfase
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor påverknadskraft
- Ein arbeidsplass som er godkjent som IA-bedrift og har fokus på trivsel og inkludering
- Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
- Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Norge**Klikk for å leggje til kart**
Kontaktinformasjon
**Alf Georg Opheim Sørensen**
KlinikkleiarTelefon:
-
- Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
- Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →