Home › Jobs › Norge › Rettleiar I Nav Nordfjord
🇪🇺 Norge • Permanent

Rettleiar I Nav Nordfjord

🏢 Stad kommune 📍 stryn 📅 27 October 2026

Job Description

Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter!
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar til avdelinga arbeid og helse.
Som rettleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølginga av sjukmelde og personar på arbeidsavklaringspengar. Du vil også ha tett kontakt med arbeidsgjevarar i regionen for å sikre ein god dialog og eit godt samarbeid mellom partane. Du vil bli en del av eit kompetent fagmiljø.
Hos oss vil du oppleve spennande og variert arbeid, der ingen dag er lik. Vi er kjende for å møte nye utfordringar med optimisme og pågangsmot.
Bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for mennesker kvar einaste dag!
NAV Nordfjord er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn.
Vi leverer kommunale og statlege NAV-tenester til innbyggjarane og verksemdene i alle dei 4 kommunane, og har 44 tilsette fordelte på 4 lokasjonar.
80 % fast stilling. Oppstart snarast mogleg.
Stillinga har arbeids
- og oppmøtestad i Stryn
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Stad kommune**
- Stad:
**Stryn**
- Stillingstittel:
**Rettleiar i Nav Nordfjord**
- Stillingar:
**1**
- Heiltid / Deltid:
**Deltid**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprosent:
**80**
- Webcruiter-ID:
** **
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp brukarar som er sjukmelde eller får arbeidsavklaringspengar
- Rettleie og motivere brukarar på vegen tilbake til arbeid
- Kartlegge arbeidsevne, ressursar og moglegheiter
- Samarbeide tett med arbeidsgjevarar, fastlegar og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
- Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi
- Det er ein fordel om du har:
- Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
- Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
- Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen
Personlege eigenskapar
- Du trur på at alle kan få og behalde ein ordinær jobb, uansett helseutfordringar
- Du møter folk i sårbare situasjonar med respekt, empati og profesjonalitet
- Du jobbar målretta og strukturert, og har god arbeidskapasitet
- Du motiverer andre og bygger tillit hos innbyggjarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du ser moglegheiter og finn gode løysingar
- Du tek ansvar, samarbeider godt og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor
- Løn etter gjeldande tariff
Vi gjer merksame på at etter - 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
- Adresse:
- Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Norge
Kontaktinformasjon
**Kari Tonning**
- Avdelingsleiar Nav Nordfjord
- Telefon:
-
- E-post:
**Monica Osvold**
- Regionleiar Nav Nordfjord
- Telefon:
-
- E-post:
Om arbeidsgivaren
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell
- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →