🇪🇺 Norge • Permanent
Maskinsjef I Ressursgruppa På Hurtigbåtane I Region Vestland
🏢 Fjord1
📍 bergen
📅 27 October 2026
Job Description
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Fjord1 har no ledig stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre hurtigbåtar.**
Som maskinsjef i ressursgruppa vil du tenestegjere om bord på samtlige hurtigbåtar, og vere ein fleksibel ressurs der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og bidra til trygg og stabil drift på tvers av av fleire samband. I første omgang vil hovudtyngda av tenesta vere knytt til samband i Bergen og Stavanger. Stillinga vil og omfatte sambandet Bergen - Sogn/Nordfjord, når Fjord1 overtek drifta der i slutten av 2026. Du må difor rekne med å arbeide på ulike fartøy og i ulike geografiske område i regionen.
Stillinga har fast turnus med to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale.
Som maskinsjef har du ansvar for maskineriet og det tekniske utstyret om bord. Arbeidsoppgåvene omfattar overvaking, ettersyn, vedlikehald og nødvendige reparasjonar. Du blir ein del av brubesetninga saman med skipsførar og overstyrmann. Det er krav om fargesyn, då stillinga inngår i utkikkfunksjonen om bord.
For å kunne utføre arbeidet må du disponere eigen bil, då du vil tene på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgivar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom bustad og arbeidsstad. Du kan reise heim etter endt vakt, og vi tilbyr hybel i arbeidsperioden.
**Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.**
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Fjord1 AS**
- Stillingstittel:
**Maskinsjef i ressursgruppe på hurtigbåtane i region Vestland**
- Stillingar:
**2**
- Heiltid / Deltid:
**Heiltid**
- Tilsetjingsform:
**Fast**
- Stillingsprosent:
**100**
- Webcruiter-ID:
** **
- Sosial deling:
Arbeidsoppgåver
**Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.**
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- M1sertifikat
- Kvalifikasjonsbevis for brubesetning på hurtiggåande fartøy
- Sikkerheitskurs iht. kvalifikasjonsforskrifta
- Krise
- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
**Fjord1 dekker manglande hurtigbåtkurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.**
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Turnus: 2 veker på og 2 veker av.
- Hybelordning i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling - ta kontakt for mer informasjon om vilkår! Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.- Adresse:
- Strandkaien, 5009 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
**Benedicte Ellingsen**
- Rekrutteringsmedarbeider
- Telefon:
-
- E-post:
Om arbeidsgivaren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.