🇪🇺 Norge • Permanent
Butikkansvarleg På Vitengarden
🏢 Jærmuseet
📍 nærbø
📅 27 October 2026
Job Description
Jærmuseet
Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Om jobben
Stillingstittel
Butikkansvarleg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk senest onsdag 13. mai
Ein litt uvanleg butikkjobb
Som butikkansvarleg og den som tar imot gjestene på Vitengarden får du ein variert kvardag med både butikkdrift og møte med publikum.
Du har ansvar for museumsbutikken - frå vareutval og nye leverandørar til utstillingar, kampanjar og justeringar ut frå marknad og trendar.
I møte med gjestene sel du billettar og årskort, ønskjer familiar, grupper og elevar velkomne og gir dei eit godt førsteinntrykk av Vitengarden. Du bidreg òg der det trengst i kvardagen, til dømes med borddekking til arrangement, planlegging og vertskap på aktivitetsdagar, eller ved årleg vedlikehaldsveke. Når kyrne skal skifta beite, treng me òg ei hjelpande hand.
Du trivst med digitale verktøy som kassesystem, booking og e-post.
Du får òg høve til å læra opp ungdommar som er - eller skal bli - vertar hos oss, i butikk, billettsal og god vertskapsrolle. Du blir ein del av eit gildt team på Vitengarden, med mykje ulik og unik kompetanse.
**Dette får du jobba med**:
Driva og utvikla museumsbutikken på Vitengarden - frå vareutval og utstilling til fakturagodkjenning
Profilera butikkvarene i sosiale medium og bidra til synleg og freistande butikkinnhald
Halda oversikt over omsetning, følgja med på sal og gjera smarte justeringar undervegs
Vera superbrukar på kassesystemet
Selja billettar og årskort og registrera besøkande
Gi gjestene god informasjon om tilbodet på Vitengarden og vera eit imøtekomande og trygt vertskap
Vera første kontaktpunkt for gjester og andre på telefon og e-post
Læra opp vertar i butikk, billettsal og god vertskapsrolle
Oppdatera og laga skriftlege intruksjonar for ulike system
Oppdatera infoskjermar, plakatar og skilt
Enkel redigering av nettsida
Publisera aktivitetar i sosiale medium med støtte frå kommunikasjonsmedarbeidar i Jærmuseet
Gjennomføra HMS-rundar i utstillingane, inkludert å slå dei av og på
Bidra der avdelinga treng ein ekstra hjelpar ved arrangement, aktivitetsdagar og praktiske oppgåver i kvardagen
Orientera gjestene om tilbod på andre anlegg i Jærmuseet
Stilla opp eller bidra med kunnskap der det trengst i organisasjonen
Vitengarden - opplevingar for heile familien
Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.
Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv - frå jord til bord.
Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.
Kva bør søknaden din innehalda?
For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:
Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv?
Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.
Me blir glade for søknadar som er litt utanom det vanlege. Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.
Me ser etter deg som
**Har følgjande kvalifikasjonar**:
Stor interesse for butikkdrift og sal, og lyst til å utvikla ein butikk som er både relevant og innbydande
Gjerne har fagbrev innan sal
- og butikkfag, eller annan relevant utdanning/erfaring frå butikk og varehandel
Erfaring med eller god forståing for vareutval, presentasjon av varer og enkel salgsoppfølging
Digital tryggleik og interesse for system, inkludert kassesystem
Erfaring med å bruka sosiale medium, som Facebook og Instagram, til enkel marknadsføring av varer og tilbod
Gjerne ha erfaring frå enkel bruk av InDesign eller anna designverktøy
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (nynorsk), samt greie engelskkunnskapar.
**Kjenner deg igjen i at du**:
Bryr deg om korleis ein butikk ser ut, fungerer og opplevast for kundane
Likar å ta ansvar og følgja ting heilt i mål
Trivst i møte med publikum og er naturleg imøtekomande
Held hovudet kaldt og oversikta oppe når det er travelt
Jobbar sjølvstendig, men spelar andre gode
Er fleksibel og stiller opp når teamet treng det
Er nysgjerrig, lærevillig og motiverast av ein variert arbeidskvardag
Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Dette tilbyr me
Fast 100% stilling
Ein variert og spenn

Ready to apply for this position?
Apply directly through the official application portal.