Home › Jobs › Norge › Pedagog Og Historieformidlar
🇪🇺 Norge • Permanent

Pedagog Og Historieformidlar

🏢 Jærmuseet 📍 sandnes 📅 27 October 2026

Job Description

og prosjektarbeid Historisk dokumentasjonsarbeid og forsking kan vera aktuelt Hoppa inn der avdelinga treng ein ekstra hjelpar Stilla opp der det trengst i organisasjonen Vitenfabrikken - full av energi og opplevingar Vitenfabrikken er eit kombinert museum og vitensenter, og er den største avdelinga i Jærmuseet. Kvart år strøymer rundt 70 000 nysgjerrige gjester inn dørene våre. Vitenfabrikken fortel den spennande historia om Sandnes og regionen si rike industriarv, og viser fram ting frå den varierte samlinga vår. Her blir òg realfag, matematikk og teknologi gjort levande, og gjerne litt utfordrande for både barn, unge og eldre. Me har store samlingar av byens industriprodukt, som leirgods og syklar, og i anlegget finn du òg Krossens havremølle, ei autentisk mølle frå 1912 der maskineriet står slik det gjorde då produksjonen stoppa i 1988. Midt i Sandnes sentrum kan store og små utforska fleire etasjar fulle av interaktive installasjonar, utstillingar og aktivitetar som inviterer til leik, læring og eksperimentering. Kva bør søknaden din innehalda? For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden: Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten? Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss? Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge. Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv? Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din. Me blir glade for søknadar som er litt utanom det vanlege. Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane. Me ser etter deg som Har følgjande kvalifikasjonar: Har fullført høgare utdanning innan historie eller kulturhistorie Har fullført praktisk-pedagogisk utdanning Har stor interesse for Sandnes by si historie og regionen si industrihistorie Har interesse for immateriell kulturarv og handboren kunnskap Gjerne har interesse for naturvitskap i tillegg Brenn for praktisk læring Kan formidla både på norsk og engelsk Kjenner deg igjen i at du: Har stor glede av å formidla historie til folk i alle aldrar og gjerne med ekstra iver til barn og unge Kan smitta realfagspedagogane i teamet med historieglede Framleis smiler sjølv om det er litt hektisk Jobbar fint både på eiga hand og i team, og tek ansvar når det trengst Ikkje er redd for å bretta opp erma og hjelpa til der det skjer Trivst rundt folk og bidreg til god stemning Har lyst å bidra til eit godt arbeidsmiljø Dette tilbyr me Engasjement i 100 % stilling i 18 månadar Ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg og engasjert miljø Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling Engasjerte og dedikerte kollegaer med mykje ulik og unik kompetanse Gode høve til fagleg og personleg utvikling Gode ordningar: pensjonsavtale, personforsikringar og behandlingsforsikring Fleksibel arbeidstid, primært måndag til fredag Løn etter avtale Rekrutteringsprosessen vår Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande: Etter søknadsfristen: Me les og vuderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga Dersom du ikkje går vidare i prosessen får du beskjed så snart me har gjennomført første vuderingsrunde For aktuelle kandidatar: Du blir invitert til intervju. Samtidig vil du få ei lita oppgåve som skal løysast og presenterast i intervjuet (5-10 minutt presentasjonstid) Ved behov gjennomfører me to intervjurundar Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling Til slutt: Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart Mangfald og tilrettelegging Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja. Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging? Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman. Ferdigheter AI-generert Dokumentering og registrering av informasjon Norsk Praktisk-pedagogisk utdanning Om arbeidsgiveren Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Klepp, Time, Hå, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes - og vitensenter for heile Sørvestlandet. Gjennom trygg forvaltning av samlingane, sørgjer me for at kunnskapen frå Jæren blir bevart og gjort tilgjengeleg. Me dokumenterer og formidlar den nyare historia til regionen, samtidig som me skapar nysgjerrigheit og l

Ready to apply for this position?

Apply directly through the official application portal.

Apply Now →